Valle Radio er lokalradio for øvre del av Setesdal. Den vart etablert i 1997 og hadde til å begynne med rom i 3. etasje på det gamle kommunehuset i Valle. Men då Setesdalstunet vart bygd, fekk radioen plass i etasjen over Trygdekontoret. Der har han vore sidan.
Dei fyrste åra var Hallvard Kjelleberg leiar av radioen. Då han gjekk bort,overtok Theis Salvesen. Då han flytta frå Valle kommune, vart Harald Haugland vald til leiar, og då han gav seg etter to år,overtok Ørnulf Hasla som styreleiar